DET FRIVILLIGE SKYTTERVESEN

MIDT NORGE LANDSDEL

STATUTTAR

MIDT NORSK MEISTERSKAP

 

Statuttane vart vedteke av Midt Norge Landsdel på Oppdal den 23 april 1994

Revidert seinare: Molde 9 juli 1994

Overhalla 8 juli 1995

Sunndal 22 juni 1996

Stjørdal 12 juli 1997

Engesetdal 13 juli 1998

Oppdal 10 april 1999

Oppdal 25 juni 1999

Fræna 7 juli 2000

Markabygda 6 juli 2001

Batnfjorsøra 12 juli 2002

Overhalla 11 juli 2003

Eidsbygda 9 juli 2004

Kyrksæterøra 8 juli 2005

Tiller 10.februar 2007

Rissa 6 juli 2008

Statuttane gjeld frå 2007 og sendast til alle samlag i Midt Norge Landsdel.

 

Ein ber om at tidlegare tilsendte statuttar makulerast.

 

Lars Indreiten Ivar Otto Husby

Leder Mørekretsen Leder Trønderkretsen

 

 

 

 

 

 

STATUTTAR FOR MIDT NORSK MEISTERSKAP.

 

Midt Norsk Meisterskap i bane og feltskyting skal arrangerast over ein "utvida vekeslutt", andre helg i juli kvart år. Det må særs viktige grunnar til, for å endre tidspunkt.

Arrangørar som av ymse grunnar likevel ynskjer eit anna tidspunkt, må søkje gjennom sin krets (Møre eller Trønderkretsen) til Midt Norge landsdel om dispensasjon for å flytte stemne.

Av omsyn til møtesyklus til Midt Norge landsdel og terminlistearbeidet må ein slik søknad fremjast seinast et år før avviklinga av stemne.

 

TILDELING AV STEMNE

Interesserte arrangørar søkjer gjennom "eigen" krets, som gjev innstilling til Midt Norge landsdel som tildeler arrangementet. Normalt bør dette skje to år før, seinast eit år før stemne.

INNBYDING/PÅMELDING TIL STEMNE

Stemne skal annonserast i Norsk Skyttertidende og innbyding skal leggast ut på arrangørens og samlaga side nettsider seinast innan 1 juni.

Påmeldingsfrist settes til 15 juni, Arrangøren tildeler skytetider som leggast ut på nettet i god tid føre stemnet.

BANESKYTING 200/300 METER

Alle klasser skyt det standard 25 skots programmet som gjeld til ei kvar tid.

Dei 18-20 beste i klasse 3-5, dei beste i klasse V55, klasseskyttarar over 55 år (heretter kaldt norma), skyttarar under 20 år (heretter kaldt U20) og kvinner i kl. 3-5, skyt så eit meisterskaps program.

Talet på meisterskapsskyttarar må arrangøren vurdere ut frå poengskilnad og dei medaljar/ trofear det vert tevla om. Det bør vere berre eit lag med V55, norma, U20 og kvinner samla og eit lag klasse 3-5.

Meisterskap klasse 3-5 inkl. kvinner, U20 og norma:

Prøveskot: I følgje skyteboka

5 skot kneståande, skytetid 2 minutt.

5 enkle skot ståande, skytetid maks. 1 minutt pr. skot.

Anvising ei og ei skive frå høgste skivenummer mot skive 1.

Meisterskap klasse V55:

Prøveskot: I følgje skyteboka

5 skot liggande, skytetid 1 ½ minutt.

5 enkle skot kneståande, skytetid maks. 1 minutt pr. skot.

Dei tre fyrste plassane skal skiljast ved omskyting, vidare rekkefylgje etter rangering i henhold til punkt 10.410 i skyttarboka.

Ved omskyting skal det skytast enkle skot ståande (V55 skyt kneståande) til skyttarane er skilde. (1 poeng er nok).

Eventuell omskyting gjennomførast omgåande etter tiskotsfinalen.

 

 

 

BANESKYTING 100 METER

Alle klasser (R, ER, J, V65 og V73) skyt det til ein kvar tid gjeldande meisterskaps program for klassane. Rekkefylgje etter rangering i henhold til pkt. 10.410 i skyttarboka.

SAMLAGSSKYTING BANE

Det skal skytast samlagsskyting for klasse senior, veteran og junior/rekrutt, etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar for samlagsskyting på Landsdelskrinsstemne.

FELTSKYTING

Alle klasser (fin og grovfelt) skyt 42 skot samanhengande.

Feltholda SKAL vere prioritert av arrangøren på førehand og dette skal vere kunngjort ved oppslag.

Feltopplegget skal i både fin og grovfelt ha minimum 2 – 3 knehald.

Har dei tre beste i nokon av klassene like treff/innartreff og rangering treff/innartreff

(skyteboka pkt. 10.450) skal dei skiljast ved omskyting. Vidare rekkefylgje etter treff/innartreff + rangering treff/innartreff.

Tidspunkt for ei eventuell omskyting her, avgjer arrangøren, men det er vel naturleg å leggje denne til søndag og skytebana.

Når det gjeld kontroll av figurane ved feltskyting, skal det vere minimum 2 personar.

SAMLAGSSKYTING FELT

I grovfelt skal dei åtte beste skyttarane frå kvart samlag i kl. 2-5 og V55 utgjere laget i samlagsskytinga.

I junior/rekrutt skal dei to beste i junior og dei to beste i eldre rekrutt/rekrutt utgjere laget.

I veteran er det dei tre beste veteranskyttarane i finfeltskytinga som utgjer laget.

I samlagsskytinga skal det vere vanleg rangering treff/innartreff.

EKSTRASKYTINGAR

Det skal arrangerast Stang- og Felthurtigskyting.

Opplegg og avstandar jamfør skyteboka.

I dei tilfella Stangskytinga vert skote mot pappfigurar, skal det vere eit klårt skilje for maksimum kvar 5. figur.

MEDALJAR

Baneskyting:

Klasse 3-5 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. 3-5 Bane-**

Klasse 3-5 kvinner 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: Kvinner Bane-**

Klasse V55 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V55 Bane-**

Klasse V65 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V65 Bane-**

Klasse V73 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V73 Bane-**

Klasse Junior 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. Jun. Bane-** Klasse Eldre rekrutt 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. E.Rek. Bane-**

Klasse Rekrutt 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. Rek. Bane-**

 

 

 

 

 

 

 

Feltskyting:

Klasse 2-5: 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl.2-5 Felt-**

Klasse V55 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V55 Felt-**

Klasse V65 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V65 Felt-**

Klasse V73 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. V73 Felt-**

Klasse Junior 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. Jun. Felt-**

Klasse Eldre rekrutt 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. E.Rek. Felt-**

Klasse Rekrutt 1 gylt, 1 sølv og 1 bronsemedalje gravert: kl. Rek. Felt-**

Ekstraskyting:

Vinner stang 1 gylt i ekte sølv, graverast: Stang-**

Vinner felthurtig 1 gylt i ekte sølv, graverast: Felthurtig-**

Samlagsskyting bane:

Senior: 4 gylt, 4 sølv og 4 bronsemedaljar gravert: kl. 3-5 saml.sk. -**

Junior/rekrutt 4 gylt, 4 sølv og 4 bronsemedaljar gravert: kl. J/R saml.sk. -**

Veteran 4 gylt, 4 sølv og 4 bronsemedaljar gravert: kl. Vet. saml.sk. -**

-** tyder årstal, for eksempel: - 07

OBS! Alle medaljar kan vere uekte.

Alle medaljane er spesielle MNM medaljar med Olavsstøtta som motiv, desse tingast hos Brødrene Lohne.

Det er IKKJE medaljar i samlagsskyting felt, berre eit vandretrofé til vinnarlaget i kvar av dei tre samlagsskytingane.

Medaljekostnader

Medaljekostnader skal dekkjast av arrangementsavgifta.

VANDRETROFE

Meisterskap bane, klasse 3-5

Meisterskap bane, klasse 3-5 kvinner

Meisterskap bane, klasse V55

Beste 25 skot, klasse 3-5 rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410.

Beste grunnlag, klasse 3-5 rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410.

Samlagsskyting bane, senior

Samlagsskyting bane, jun./rekrutt

Samlagsskyting bane, veteran

Meisterskap grovfelt, klasse 2-5 omskyting (sjå feltskyting, side 2)

Samlagsskyting felt, senior rangering treff/innartreff

Samlagsskyting felt, jun./rekrutt rangering treff/innartreff

Samlagsskyting felt, veteran rangering treff/innartreff

Aksjar:

Vandretrofé i samlagskytingar må vinnast fem gonger for å bli vunne til eigedom.

Her skal det ikkje delast ut miniatyrpokal for kvar aksje.

Vandretrofé i individuelle øvingar må vinnast tre gonger for å bli vunne til eigedom.

Skyttarar som tar aksje i eit vandretrofé skal tildelast ein miniatyrpokal.

Miniatyrpokalane er å få kjøpt hos Mosand AS, 7863 OVERHALLA.

Miniatyrpokalane og all gravering på vandretrofea betalast av den kretsen som har arrangert stemne.

Vinnarane av vandretrofea får ikkje desse trofea med seg heim, dei trekkast inn og pakkast ned i sine respektive koffertar og leverast/sendast til Mosand AS, 7863 OVERHALLA.

Mosand AS ordnar med gravering i god tid før neste stemne.

EINGONGSTROFE

Beste skyttar, U20 (etter omgang) Rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410

Beste skyttar, Norma (etter omgang) Rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410

Beste skyttar, klasse 1 etter 25 skot. Rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410

Beste skyttar, klasse 2 etter 25 skot. Rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410

Beste skyttar, klasse AG etter 25 skot. Rangering etter innertiar-regelen pkt. 10.410

Eingongstrofeane skal vere standardpremie m/logo, arrangøren bestiller desse ilag med dei andre premiane. Eingongstrofea skal betalast av arrangøren.

RESULTATLISTER/TROFEOVERSIKT

Resultatlistene for stemne settes inn i ein ringperm som fylgjer trofékoffertane.

I koffertane skal det også vere ei bok (troféoversikt) der alle trofea er registrert med gjevar og hittil tal på registrerte aksjar.

Resultatlister skal vidare leggast ut på internett.

Resultat/premielister frå MNM SKAL vere slik Skyttarboka seier i pkt. 10.119 og dei skal vere godt leselege.

GENERELT

Seiarsseremoni

Etter kåring av vinnarar, individuelle eller samlag, skal dei tre beste STRAKS SEIERSPALL for utdeling av medaljar og vandretrofé m/ miniatyrpokal.

Innskot

I innbydinga til stemnet skal det gå fram korleis det totale innskotet er bygd opp, med separate premieinnskot og arrangementsavgifter for Bane, Felt, Stang og Felthurtigskytinga.

Ved førehandspåmelding betalar ein berre arrangementsavgift for Bane og Feltskytinga.

Resterande betaling er ved frammøte og då berre for dei skytingar ein skal delteke i,

samt betaling for eventuell transport.

Totalt innskot (skytebok) for alle skytingane skal godkjennast av kretsformennene før innbydinga til stemne sendas ut.

Presse, stemnerapport

Arrangøren skal/bør ha pressesjef for stemnet.

Ein rapport frå stemnearrangementet SKAL snarast råd sendast over til neste års arrangør m/kopi til kretsformennene.

PREMIERING/PREMIEUTDELING

Baneskytinga premieres med standardpremiar på 25 skot samanlagt.

Standardpremiane er i tre størrelsar som fordelast på den 1/3 delen som skal ha premie i kvar klasse. Desse premier er å få kjøpt hos Mosand AS, 7863 OVERHALLA.

På feltskytinga nyttast gåvepremiar, gjenstandspremiar så langt som råd.

Stang og Felthurtigskyting premieres med beger m/ eigen logo, som er å få kjøpt hos

Mosand AS, 7863 OVERHALLA.

På grunn av at stemnet er eit stort arrangement, kan det vere vanskeleg å passe inn ei premieutdeling, men klarer arrangøren å få det til, bør denne vere laurdagskvelden.

Skulle det ikkje vere muleg, skal premiane pakkast lagvis i kasser slik at ein representant frå skyttarlaga kan hente dette i løpet av søndagen.

ETTERANMELDING

Ved påmelding etter påmeldingsfristen og ved oppmøte for å få skyte på ledig plass,

betalast ei tilleggsavgift på kr. 100,- Som betalast seinast ved innløysing av skyttarbok.

NB! Dette gjelder berre skyttarar i kl. 1-5 og alle veteranklassene.

 

-------------------------------------------------------------